The leaves are green, the nuts are brown,
they hang so high they won't come down.
Leave them alone till frosty weather,
then they will all come down together

torsdag 7. januar 2010

Drep bakaren! La smeden LEVE

Teksten Smeden og bakeren handlar om ein uheldig smed som slår til ein man på ei kro. Mannen han slår døyr av det harde slaget og smeden blir stilt for retten. Der blir han faktisk dømt til døden… Dette klarer han da å sleppe unna for han er den einaste smeden i byen. I byen er det derimot to bakarar. Den eine bakaren må bøte med livet sida liv for liv må bli betalt! Jaaah… Dermed får smeden gå og bakaren må døy. Kva er det for ei vise? Høyrer ut for meg som om det er ei vise skrevet av masse fulle mannfolk på ein bar eit sted i verda. Kvifor nokon i det heile tatt skulle ha skrivi noko så tåpeleg som denne teksten kan eg jo tenkje meg. Dei kjeda seg sikkert til daude! Det hadde eg gjort om ikkje tv og data hadde vore oppfunne. :P

På tross av dette syntes eg at denne visa eller diktet, eller kva det enn er, var bra. Det var festleg å lese og moralen var overraskande. Det var også min type humor. Det som meinast med ”å rette baker for smed” kan vere at bakaren må betale for det smeden gjorde. Virker ikkje så rettvis... Men for all del. Drep bakaren! MUHAHAHHAHAHA.